DET NORSKE TEATRET: Herborg Kråkeviks vakre juleroser

Juleroser 5xx
Herborg Kråkevik inviterer til julekonsert på Det Norske Teatret sammen med Solveig Kloppen og Frida Ånnevik. Foto: Monica Tormassy/ Det Norske Teatret.

OSLO. Endeleg er årets utgåve av Juleroser her – Noregs mest elska julehefte. I 2025 er temaet englar, og gjennom dikt, forteljingar, biletkunst og musikk inviterer vi deg til å finne lys og glede midt i den mørke årstida.

Juleroser 6x.jpg
Kvar søndag vil songarar frå Birkelunden Mannskor delta på konserten. Foto: Monica Tormassy/ Det Norske Teatret.

JULEROSER PÅ DET NORSKE TEATRET. Juleroser blei første gongen utgitt i 1881, og var det første juleheftet som kom ut regelmessig i Norden. Etter ein pause på over 70 år, blei tradisjonen vekt til live i 2015, denne gongen med artist og skodespelar Herborg Kråkevik som redaktør.

Juleroser - forestillinger 7., 14., og 21. desember.

DET NORSKE TEATRET

Telefon: 22 42 43 44

E-post: hei@detnorsketeatret.no

Adresse: Kristian IVs g. 8, 0164 OSLO

FORESTILLINGER OG BILLETTER HER

Ho fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta i Noreg. Juleroser er eit vakkert illustrert hefte med nyskrivne bidrag frå nokre av våre fremste forfattarar og musikarar, sett saman med nye og klassiske kunstverk i ein fin balanse mellom det nostalgiske og det moderne.

Juleroser 10.jpg

Det er ein rik, norsk juletradisjon Kråkevik løftar fram med Juleroser, samtidig som ho gir rom for nye uttrykk frå vår tid. Innhaldet i hefta er ikkje eit glansbilde av jula, men levande bilde av mange forskjellige juler - både det gode og det som gjer vondt.

Til kvart hefte har ein norsk artist laga ein ny julelåt, og fleire av desse har allereie gått inn i vår felles julesongskatt.

I 2023 inviterte Samlaget og Det Norske Teatret til Juleroser-konsert i foajeen på teateret. Det blei så fint at vi i 2024 flytta konserten inn på Hovudscenen. I 2025 har det blitt ein tradisjon, og det er ei stor glede å igjen kunne invitere publikum til ein varm og stemningsfull time med musikk, kunst og litteratur som garantert får julestemninga til å kome.

Årets bidragsytarar i magasinet Juleroser inkluderer Karl Ove Knausgård, Solveig Kloppen, Gunnhild Øyehaug, Kari Bremnes, Herbjørg Wassmo, Levi Henriksen, Brynjulf Jung Tjønn og mange fleire.

Juleroser 9x.jpg
Frida Ånnevik. Foto: Monica Tormassy/ Det Norske Teatret.

Som ei ekstra gåve får du òg ein heilt nyskriven julesong av Frida Ånnevik.

Juleroser er den perfekte julegåva – til deg sjølv eller nokon du er glad i. Med si unike blanding av det nostalgiske og det moderne skaper heftet den ekte julestemninga.

Juleroser er rik, norsk juletradisjon.

DittNorden.no

  • Adresse: Visit Drammen, Grønland 57, 3045 Drammen
  • E-post: post@VisitDrammen.no
  • Tlf.: 32 23 40 70

I samarbeid med VisitNorway og Visit Drammen

Annonsering

VisitDrammen / DittNorden er et destinasjons-byrå i samarbeid med VisitNorway. Vi publiserer artikler og omtaler på en rekke kanaler og mobile apper. Demografisk fordeling blant våre lesere er 46% kvinner og 54% menn. For info om innholdsproduksjon og annonsering, kontakt oss på telefon 32 23 40 70 eller e-post